torsdag 8. juni 2017

Feiringa forsetter med roser

Eg har laga ein del blomar i det siste, og ein av dei er denne rosa her. Den er enkel å lage, og tek ikkje så veldig lang tid.

Denne tek utgangspunkt i ein Panduro punch. Den er på 1,5" diameter.  Punchen kjem i sett på 3. Dei to største synes eg passar godt i lag, den minste brukar eg alltid for seg sjølv, for den er liten.

Viss du har ark som er ganske like på begge sider, kan du sverte kantanae i staden for å måle dei. Det blir veldig fine roser, som passar perfekt til prosjekta dine.

Eg brukar restepapir når eg lagar blomar, og sidan eg målar dei, så treng dei ikkje ha same farge.

Eit lite obs. Eg erfarer at punchane ikkje alltid er så glad i dei tjukkaste arka, som Bazil og Maja, så bruk helst litt tynnare ark.



Eg startar med å punche ut 5 like roseblad.


Så formar eg dei. 3 av dei blir forma likt, det er dei 3 underste på den ferdige rosa. Eg hadde ikkje noko spesialutstyr, men korken på ein roll-gell pen er rund og fin, og fungerer heilt greit til føremålet. 


Dei 2 siste "knip" eg, detter er dei to som skal vere i midten av rosa. 


Så malar eg dei på ei side, dei to som skal i midten, maler eg av og til på begge sider, men dei må malast på "undersida"
Her har eg først gjeve dei eit strøk blått, og så brukt den gull/grønne frå kanten og inn.  Malinga eg har brukt er frå Prima, men bruk noke du alt har i tinga dine. 

Her er dei to som skal bli til knopp limt saman, legg merke til at malinga er på utsida/undersida av desse blada, Det som er inne i midten vil ikkje syne når den er ferdig.


Her er det 3 blad limt på

4 blad.

 Og den siste. Pass på at dei ikkje kjem direkte over kvarandre, men "midt i mellom" den forje. Eg brukar også ein tynn redskap og "dyttar" litt hardt ned i botnen på rosa for å få ho til å forme seg litt meir. For å få det til må du ha ei slik svart matte under, eller noko anna som gjev etter ved trykk. 


Desse blada er diesa ut med ein Kort og Godt plate. Svert kantane litt før du limer dei på blomen. Eg passer også på at dei berre syner litt utforbi blomen. 


Det siste eg gjer, er å fylle litt lim ned i midten, og helle nedi nokre microperler.


Eg bruker Panduro Quick glue på slike blomar, for den tørkar raskt, men ikkje så raskt som limpistol.  Og eg får "lim over alt" når eg brukar limpistol på så små prosjekt.  Men bruk det du likar best. Men om limen brukar lang tid å tørke, så bør du lage fleire blomar om gangen, og late dei tørke mellom kvar liming. 


Vi har fremdeles bursdag hos Papirlosjen, og her er blomen brukt på eit bursdagskort til ein liten gut.  Eg er fremdeles fasinert av såpeboblene.  Stempelet er fra Mo Manning


Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar